Fullt utstyrt konfeksjonslokale – klart til bruk

Alt du treng for å starte eller utvide di systove

I Trico-bygget finn du eit komplett og ferdig innreidd konfeksjonslokale – klart til bruk frå dag éin. Lokalet er ideelt for småskalaproduksjon, systove, tekstildesignarar eller deg som rett og slett ynskjer eit profesjonelt arbeidsrom med alt inkludert.

maskinpark

Her får du tilgong til det meste: symaskiner, overlock-maskiner, arbeidsbord, tråd, nåler, sakser, stoff og mykje meir. Det er lagt til rette for både effektivt arbeid og god orden, med lagringsplass for materiell og eit ryddig, funksjonelt miljø.

symaskin

Konfeksjonsrommet er ein del av Trico-bygget sitt mangfaldige næringsmiljø, og ligg i same bygg som fleire kreative og etablerte verksemder. Her har du høve til å samarbeide, dele erfaringar – eller jobbe heilt uforstyrra med ditt eige prosjekt.

stoff

Lokalet passar perfekt for gründerar, frilansarar og hobbyentusiastar som vil ta syinga til neste nivå – utan å måtte investere i alt utstyret sjølv. Du får høve til å teste idéane dine i praksis, utan store kostnader.

Ønskjer du å sjå lokalet, få prisinformasjon eller diskutere moglegheitene? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

Kontakt oss